ANDREAS REUTZ.
UPCOMING EXHIBITION
NEW SHOW AT HOS-ARNE IN JULY 2023
Skrevet av Kristina Aurore Kvåle, kunsthistorikar
Previous
Let’s Nuke the Fridge
Andreas Reutz si nyaste utstilling Let’s Nuke the Fridge er ei anatomisk og kroppsleg undersøking av dei mentale tilstandane i menneska som ligg rett under overflata. På tvers av medier og uttrykk utforskar kunstnaren dagsaktuelle og elementære spørsmål kring kjønn, seksualitet, kropp, anatomi, stimuli og det digitales påverknadskraft.
Utstillinga sin tittel er ei referanse til ei scene frå filmen Indiana Jones and the Kingdom of the Crystal Skull frå 2008, der hovudpersonen overlever ei atombombe ved å gøyme seg i eit blybelagt kjøleskap. Filmscena har seinare befesta seg i populærkulturen som eit omgrep einstydig med å avsløre sine styrker så tidleg at det stagnere den vidare spenningsutviklinga. Ved å introdusere eit så fantastisk og surrealistisk scenario tidleg i filmen vart hovudpersonen ein slags omnipotent karakter for publikum som fungerte nummande for det som kom etterpå.
Kunstnaren vidarefører dette omgrepet og nyttar det til å løfte fram dei indre spenningane i menneskets psyke og natur i ein vidare dialog kring det visuelle og sanselege.
Ei voyeuristisk framstilling av kroppsleg begjær
Utstillinga består av tre seriar, eller kapittel, i tett dialog. I serien Palpitating møter vi ei rekkje med olje- og akrylmåleri. Motiva er måla med kniv i tjukke lag og syner tvetydig kjønna mennesker i ulike absurde og, til dels, ubehaglege scenarioer og kan minne om Egon Schiele sine framstillingar av mennesker.
Måleria varierer i både storleik og utsnitt – frå små portretter heilt nærme til dei større og meir heilskaplege komposisjonane. Såleis skapar kunstnaren ein flyt og ein illusjon av å vere heilt nær, men alltid medviten om si eiga rolle som tilskodar. Det ubehagelege elementet er ikkje naudsynt det ein ser, men det voyeuristiske perspektivet ein ser det frå.
Bildeserien har sitt hovudfokus i det kroppslege, anatomiske og kjønnlege ved menneskets seksuelle natur. Eit omfattande tema som krever sin presisjon for å på ein god måte famne om alle på eit heilskapeleg vis. Ikkje ulikt Dagfinn Knudsen utfordrer Reutz vår oppfattelse av kjønn ved å portrettere skikkelsane tvetydig. Dei er, etter kunstnarens eige anslag, tvekjønna og det ein sjølv oppfattar som riktig vil automatisk vere feil. Fokuset på kjønn er såleis meir eit fokus på å problematisere tilskodarens behov for å kjønne. På denne måten lausriver kunstnaren dei portretterte skikkelsane frå kroppsleg funksjon, anatomi og biologisk betinga seksualitet og avslører dette som konseptuelt og samfunsskapt.
Den merksamme tilskodaren vil også merke seg at samtlege skikkelsar i denne serien er portrettert med blod rennande frå nasen. Eit element som går att i Reutz sin kunst. Ein slik bruk av blod i portretter er ikkje noko nytt eller usett, men nyttast i Reutz sine bilder for å illustrere og framheve dei underliggande temaene i serien.
Anatomisk er blod det tydlegaste signalet menneksekroppen har for å uttad syne at noko abnormalt foregår under huda. Med andre ord er det den mest eksplisitte funksjonen kroppen har til å avsløre sin indre tilstand. Samstundes er naseblod, for dei fleste av oss, nesten alltid utelukkande smertefritt og ufarleg. Eit verkemiddel kunstnaren nyttar for å oppretthalde og styrke det tvetydige elementet i verka. Ein abnormal tilstand er ikkje naudsynt lik ein sjuk tilstand.
Ved sida av den reint anatomiske tolkinga av naseblod er det heller ikkje til å komme unna at dette elementet også er med på å skape eit ubehag. Ein slik estetisering av det groteske er verken ukjent eller nytt, men er og forblir eit sterkt sanseleg og inntrykksfullt verkemiddel,
Det uforeinlege og heilt nære
Utstillingas andre kapittel har fått tittelen Madonna Complex og tar utgongspunkt i Hore-Madonna komplekset som skildrar tilstanden når det ein lyster og det ein ønskjer er uforeinelege med kvarandre.
Lerret, kniv, olje og akryl er lagt til side for papir og vatn. Det er eit tydningsfullt skifte av materiale, medium og uttrykk som også illustrerer eit skifte i fokus. Gjennom ein serie av små akvareller i A5 format blir tilskodaren presentert for nærportrett av ulike andlet fanga i tydelege emosjonsstyrte augeblikk. På mange måtar er denne serien ein direkte vidareføring av mykje av tematikken frå Palpitating. Det kroppslege og anatomiske perspektivet fell derimot i stor grad vekk medan dei indre tilstandane i den menneskelege psyken får fokus.
Ved å gå heilt nær skaper kunstnaren ein intimitet i motiva som skil seg frå den føregåande serien. Ubehaget i Palpitatingberor seg i stor grad på ein voyeuristisk tilnærming til kropp og mennesker i eksplisitte situasjoner og framstillingar. I Madonna Complex er det derimot dei emosjonelle reaksjonane vi er vitne til som skapar eit ubehag av å vere for nær. Andletet avslører og blottleggjer dei portretterte menneska i sine augeblikk av ekstase, skam, sinne, redsel, usikkerheit og avsky.
Motivas materialitet og bruken av vassmåling er heller ikkje ubetydleg. Akvarellens natur blir i serien eit vidare symbol på menneskets natur. Det er eit medium som krever både presisjon og kontroll for å skape eit samanhengande og heilskapleg motiv. Ved å la det farga vatnet renne utover arket tillet kunstnaren seg sjølv å, tilsynelatande, gje slepp på noko av denne kontrollen. Til trass for dette «tapet av kontroll» frå kunstnarens side, er det inga tvil om at det nettopp krevast ein enorm kontroll for å skape ein komposisjon i slik detalj med eit så uhandterleg medium. Det er med andre ord eit spel for galleriet.
Bruken av akvarell som teknikk i seg sjølv kan også vidare tolkast som eit symbol for seriens overornda tematikk; måten det farga vatnet rører seg over papiret samstundes som det sakte trekker seg inn i det og blir ein del av dets materie, er i seg sjølv symbolsk og kan minne om korleis lyst og skam kan skylle over eit menneske og sakte bli ein permanent del av dets mentale og seksuelle haldning.
Ein dekonstruksjon av røynda slik vi oppfattar den
I utstillingas tredje og siste kapittelet, A Sexual Deconstruction of Gender Known to Man, har kunstnaren tilsynelatande lagt penselen heilt frå seg og beveger seg no inn i den digitale sfæra. Serien består av fire digital grafiske arbeider som syner statiske skikkelsar i eit ukjent og nøytralt digitalt landskap.
Der ein som tilskodar i dei to føregåande seriane har vore klar over at det er skildringar av mennesker vi ser på, møter vi her digitalt teikna og konstruerte figurar som minner om mennekser, men likevel ikkje. Dei til no tvekjønna figurane i Reutz sine motiver har her blitt fråtatt kjønn og blitt, i ordets rette forstand, ikkje-kjønna. Det tydlege seksuelle temaet frå tidlegare har no skifta over i det aseksuelle og reint bisarre.
I denne serien utforskar kunstnaren konsekvensane av det digitale samfunnet vi lever i og pornokultur. Kva effekt har kontinuerleg digital visuell stimuli på det sensoriske apparatet? Blir vi sløve og numne for nye inntrykk? Herda?
Kva skjer så med kroppen og hjernen vår når ein stadig søkjer seg mot det meir og meir visuelt ekstreme? Korleis påverkar dette vår kollektive og individuelle oppfatning av normal seksuell oppførsel og handling?
Nok ein gong er det heller ikkje mogleg å sjå vekk frå teknikken nytta. Sjølv om verka er digitalt teikna og difor kan definerast som klassiske DGA-trykk, er kvart einaste trykk også handkolorert og difor i seg sjølv unike og, per definisjon, eit handverk. Penselen er, med andre ord, ikkje lagt heilt vekk.
A Sexual Deconstruction of Gender Known to Man samlar opp trådane frå Palpitating og Madonna Complex og gir dei eit kuratorisk narrativ. I sitt nøkterne og digitale uttrykk framhevast dei ekspresjonistiske og eksplisitte uttrykka til dei to andre kapitla og eit overodna spørsmål stiljast – did they nuke the fridge?
Kristina Aurore Kvåle, kunsthistorikar
